Vedtekter

Vedtekter for Aure Kunstlag

Stifta 7. februar 1995

 

§ 1. FORMÅL:

Å laga eit levande miljø der alle formar for kreativitet og skapartrong innan kunst og handverk har gode vokstervilkår.

 

§ 2. ARBEIDSOMRÅDE:

Arbeidsfellesskap

Arrangere utstillingar, temadagar og kurs

Produktutvikling

Sal

Turar / ekskursjonar til utstillingar, kunstnarar, andre lag og miljø

 

§ 3. MEDLEMSSKAP

Alle som vil støtte og arbeide for formålet til laget, kan bli medlem ved å betale årskontingenten.

Årskontingenten blir fastsett av årsmøtet.

Den som har betalt medlemspengane for året før innan årsmøtet, har gyldig medlemsskap i laget, og dermed tale-, forslags- og stemmerett på årsmøtet.

 

§ 4. STYRET

Laget skal ha eit styre på 5 medlemmar, som legg tilrette og leiar drifta, og legg fram forslag for årsmøet iflg. § 5. Om val av styret, sjå § 5. - Styret konstituerer seg sjølv etter årsmøtet, med nestleiar, sekretær og kasserar.

Styret er vedtaksført når minst 3 medlemmar, varamedlemmar medrekna, er til stades. Styret skal føre møtebok.

 

§ 5. ÅRSMØTET

Styret kallar inn til årsmøte innan 15. februar kvart år, og da med minst 14 dagars varsel. Gyldige medlemmar skal ha personleg innkalling, ved sida av at møtet blir kunngjort offentleg. Styret skal legge fram følgjande saker til behandling i årsmøtet:

Årsmelding.

Revidert rekneskap.

Fastsetting av årskontingent for året etter.

Evt. innkomne forslag frå medlemmane. Slike forslag må vera komne til styret innan 15. januar for at styret skal ha plikt til å ta dei med på saklista.

Arbeidsplan for året framover.

Budsjett.

Valg:

Leiar av laget og styret for 1 år.

2 styremedlemmar for 2 år.

( Ved starten av laget velgjer ein i tilegg 2 styremedlemmar for 1 år. På det neste årsmøtet velgjer ein da 2 styremedlemmer for 2 år, og kjem slik inn i det systemet at 2 av dei 4 styremedlemmane står på valg ved kvart årsmøte. )

3 varamedlemmar til styret for 1 år.

2 revisorar for 1 år.

Valgnemd på 3 medlemmar for 1 år.

Andre nemder / komitear ( f.eks. iflg. arbeidsplan el. likn. )

 

§ 6. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Det kan kallast inn til ekstraordinært årsmøte etter vedtak gjort ved vanleg fleirtal i styret, eller når minst ein tredel av medlemmane med gyldig medlemsskap krev det. - For innkalling, frist m.v. gjeld samme reglane som for det ordinære årsmøtet.

 

§ 7. VEDTEKTSENDRINGAR

Årsmøtet kan vedta endring av vedtekter med 2/3 fleirtal. - Endringsforslag frå medlemmar må vera komne til styret seinast 1 månad før årsmøtet. - Styret kan og sjølv sette fram forslag til endring av vedtekter. - Endringsforslaga skal gjerast kjent i lag med innkallinga, d.v.s. seinast 14 dagar før årsmøtet.

 

§ 8. OPPLØYSING AV LAGET

Vedtak om å løyse opp / legge ned laget kan skje på ordinært årsmæte med 2/3 fleirtal. Det er ein føresetnad at forslaget om nedlegging / oppløysing er kunngjort i innkallinga til årsmøtet. Framgangsmåre, fristar o.l. er ellers som for vedtektsendringar.

Laget sine aktiva og midlar skal plasserast der årsmætet meiner det best kan medverke til vidareføring av laget sitt føremål.